Kurset er et samarbeid med Herøy kommune, der kommuna får tilskot frå BufDir til ferieaktivitet for born og unge og vil dekke kursavgift og medlemskontigent for intill 10 deltakarar mellom 13 og 19 år :-)
Velkomen til Herøy Kajakklubb! Vil du lære å padle kajakk på ein trygg og kjekk måte? Då er Grunnkurs Hav midt i blinken for deg! Kurset passar både for heilt ferske padlarar, og for dei som har litt erfaring frå før. Vi legg vekt på at du skal få ei god oppleving, derfor brukar vi å arrangere dag to som ein tur med pause, der vi strekker på beina. På sjøen skal vi øve, padle og gå gjennom det viktigaste i pensum undervegs. Målet er at du skal kjenne deg trygg i kajakken, lære gode vanar og få lyst til å fortsette med padling.
Dette lærer du på kurset:
- korleis kajakk og utstyr fungerer,
- korleis det er å padle trygt i gruppe og åleine,
- enkle sikkerheitsrutinar,
- korleis du manøvrerer kajakken effektivt
Lenke til pensum: https://padling.no/vaattkort/historien-bak-vaattkort/de-ulike-kursene-i-npf-vaattkort/havpadling/grunnkurs-hav/
Varigheit: 16 timar ( ca 8 timar per dag).
Pris og påmelding:
Medlemsprisar for kurset inklusive lån av tørrdrakt og alt padleutstyr: Kr 2000,- for vaksne (over 19 år) Gratis for inntil 10 ungdomar (13–19 år) Pris for medlemskap ut året: Kr 400,- for vaksne, gratis for inntil 10 ungdomar.
Ikkje-medlemmar: Kr 3000,-
Slik betaler du: Kursavgift: betal i forkant via Vipps #124088 Medlemskap: registrer deg i Min Idrett → https://www.minidrett.no
Om du lurer på noko, ta kontakt med instruktøren som står oppført på kurssida, eller send e‑post til post@heroykajakk.no.
Praktisk informasjon kjem i epost ca ei veke før kursstart.
Krav: Betalt kursavgift, Innmelding i Min Idrett .
Kurset blir registrert som gjennomført i vaattkort.no og du vil få utdelt våttkortet med oblat for grunnkurs hav. Mange stader krev våttkort for å kunne leige kajakk. Som medlem vil du få tilgang på utstyret vårt i naustet.
Vil du vite meir?
Heimesida vår: https://www.heroykajakk.no
Mer informasjon:
heroykajakk.no