• Forside
  • Logg inn
Grunnkurs
Herøy kajakklubb Jensholmen 6070 Tjørvåg
11. - 12. april

GRUNNKURS HAV – Velkomen til Herøy Kajakklubb!
Vil du lære å padle kajakk på ein trygg og kjekk måte? Då er Grunnkurs Hav midt i blinken for deg! Kurset passar både for heilt ferske padlarar og for dei som har litt erfaring frå før.
Vi legg vekt på at du skal få ei god oppleving. Derfor brukar vi å arrangere dag to som ein tur med pause, der vi strekker på beina:-) på sjøen øver, padlar og går vi gjennom det viktigaste i pensum undervegs. Målet er at du skal kjenne deg trygg i kajakken, lære gode vanar og få lyst til å fortsette med padling.
Dette lærer du på kurset:

Du blir kjent med:
korleis kajakk og utstyr fungerer
korleis det er å padle trygt i gruppe og åleine
enkle sikkerheitsrutinar
korleis du manøvrerer kajakken effektivt

Instruktør vurderer kor mykje teori og praksis vi tek med, avhengig av vêr og forhold – men du får alltid det du treng for å oppnå kursets mål.
Varigheit: ca. 16 timar (8 timar per dag).

Pris og påmelding
For å delta bør du vere medlem i klubben.
Medlemsprisar for kurset inklusive lån av tørrdrakt og alt padleutstyr:

Kr 2000,- for vaksne (over 19 år)
Kr 1000,- for ungdom (13–19 år)

Pris for medlemskap ut året:

Kr 400,- for vaksne
Kr 100,- for ungdom

Ikkje-medlemmar: Kr 3000,- (inkluderer ikkje medlemskap)
Slik betaler du:

Kursavgift: betal i forkant via Vipps #124088
Medlemskap: registrer deg i Min Idrett → https://www.minidrett.no
Om du lurer på noko, ta kontakt instruktøren som står oppført på kurssida, eller send e‑post til post@heroykajakk.no.

HOVUDMÅL
Etter kurset skal du:

kjenne til grunnleggjande utstyr
klare å bruke kajakk, åre, trekk og vest
kjenne til enkel tryggleik og redning
kunne manøvrere kajakken effektivt


DELMÅL – dette øver vi på

Løfte, bere, sjøsette og gå i kajakken
Padle framover effektivt
Bakoverpadling og stopp
Sideforflytning
Lågt støttetak
Styretak (bak)
Sving med sveipetak og styretak
Ilandstiging og sikring av kajakk
Redningsteknikkar
Enkel skadeførebygging
Planlegging av ein enkel tur
Grunnleggande tryggleik og sjømannskap
Allemannsretten og sporløs ferdsel


Praktisk informasjon kjem i epost minimum ei veke før kursstart.

Krav:
Betalt kursavgift
for medlemspris: Innmelding i Min Idrett

Varigheit: 16 timar

Evaluering: Kurset blir registrert som gjennomført og du vil få utdelt våttkort med grunnkurs havoblat
Kursarrangør: Herøy kajakklubb
Instruktørar: Aktivitetsleiarar


Vil du vite meir?

Heimesida vår: https://www.heroykajakk.no
Medlemskap: https://www.minidrett.no

Mer informasjon:
heroykajakk.no

Grunnkurs

Tid
11. - 12. april
Sted
Herøy kajakklubb Jensholmen 6070 Tjørvåg
Arrangør
Herøy Kajakk Klubb (Klubb)
Kursleder
Joakim Eiksund
Kontakt
Joakim Eiksund 46744515
Gå til påmelding
Norges Padleforbund

Copyright © 2026 Norges Padleforbund - Sognsveien 73, 0855 OSLO — Org. Nr. 971 164 050 — epost: kurs@padleforbundet.no

Design og utvikling Inkrement as

Personvern og informasjonskapsler

An error has occurred. This application may no longer respond until reloaded. Reload 🗙